Gunnar Grytås

Sunnfjordingen Gunnar Grytås (76) har sidan han kom til Tromsø i 1978 arbeidd i Nordlys, DN og Fiskeribladet og avslutta yrkeslivet som forskar på UIT/NFH.

Han har også bak seg 17-18 boktitlar. Dei siste er «Kvotebaronar»,  «Malmtunge spor» og «Dødsleia og livsnerven». No er han aktuell med «Kraftkommunar flyttar ikkje til Sveits»; soga om norsk energipolitikk frå 1906 og inn i vår tid. Finnmark er med og alt kan skje.

Foto: Yngve Olsen