Tone Nilsen-Bie (f.1975) er ungdomsbokforfattar busett i Alta. Opphavleg er ho frå Florø, men flytta nordover allereie i 2004. Ho debuterte i 2021 med «Sumarvariasjonar», ei novellesamling for ungdom. Denne vann ho Bookis litteraturpris «Årets Ulest» for. I 2022 kom ungdomsromanen «På leit etter hjartet ditt» ut, der sorg og organdonasjon er viktige tema.
No er Nilsen-Bie aktuell med novellesamlinga «Fotball eller livet», der alle dei åtte novellene sjølvsagt kan lesast sjølvstendig, men om ein les boka kronologisk får ein òg ei overordna og heilskapleg historie med på kjøpet. Boka er så fersk at ho ikkje blir sleppt før i mars, akkurat i tide til Finnlitt.
I tillegg til å skrive frittståande bøker er Nilsen-Bie representert i eit tosifra tal antologiar, og med bakgrunn som teaterpedagog skriv ho òg for scena. Ho vann mellom anna Norsk Dramatikkfestival sin scenetekstkonkurranse 2021 med einaktaren «Å lyse etter krabbe».
