Tone Nilsen-Bie er frå Florø, men har budd i Alta, Finnmark, sidan 2004. Ho er gift og har tre born. I nærmare 20 år har ho jobba som lektor i teater, og har alltid utvikla tekstar for scena. Etter at ho slutta som lærar, har ho fokusert på den skjønnlitterære sjangeren som uttrykksform og debuterte i 2021 med «Sumarvariasjonar», ei novellesamling for ungdom. Denne vant litteraturkonkurransen Årets Ulest-2021. I 2022 kom «På leit etter hjartet ditt», ein ungdomsroman om sorg, val og organdonasjon. Ho er i godt i gang med ein ny ungdomsroman som òg tar for seg tematikk rundt kven vi eigentleg er og kven vi visar fram til omgivnadene våre.
Foto: Utenfor Allfarvei Forlag